GJEST: Denne veka møter du Kjersti Østang Valvatne i Sunnhordlandpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

Draumen om eit småbruk i Sunnhordland

Møt Kjersti Østang Valvatne i Sunnhordlandpodden.

Denne veka har programleiar Kjetil Fyllingen hatt besøk av ein stordabu som har funne roa på småbruket sitt Valvatne gard.

Har kanskje du òg ein draum om eit småbruk i Sunnhordland? Då bør du få med deg denne episoden av Sunnhordlandpodden, der Østang Valvatne fortel om garden.

Korleis er livet på eit småbruk? Kva gjer du når grisen er så sjuk at han nesten døyr? Kvifor har hanen fått namnet «Generalen»? Kva bør du tenkja på om du vil starta eit småbruk?

Alt dette og meir til får du svar på i dagens episode.

Du finn podkasten andre stader også. Klikk her.