DROP IN: Torsdag og fredag er det mogeleg å få vaksine utan avtale. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Drop-in vaksinasjon i Stord

Torsdag og fredag kan stordabuar få seg vaksine utan avtale.

Det opplyser Stord kommune på heimesida. «Drop-in»-tilbodet er mellom klokka 09 og 15 dei to dagane.

Du kan nytta deg av dette tilbodet dersom:

* Du ynskjer 1. dose vaksine

* Du ynskjer 2. dose og det er minimum 4 veker sidan du fekk 1. dose

* Om du ikkje alt har timetilbod

Har ledige timar

Det er ein del personar som ikkje har møtt til avtalte timar. Me ber innbyggjarane om å møta til oppsett tid, eller ringa å få ny time i god tid, om timen ikkje høver.

Om du ikkje har registrert deg i vaksinekø, så gjer det så snart som mogeleg. Det er ledige timar, skriv kommunen på heimesida.

Rundt 80 prosent

FHI skriv at i Norge er no 80,5 prosent av den vaksne befolkninga over 18 år vaksinert med 2. dose.

I Stord er talet 79,6 prosent. I Sunnhordland er det Tysnes som har komme lengst i vaksineringa. Her er, ifølgje FHI, 86,6 prosent av befolkninga vaksinert med to dosar.

Les også
I dag starta vaksineringa av mindreårige på Stord