Dette bør Vestlandet snart skrinleggja, skriv BA på leiarplass tysdag.
Dette bør Vestlandet snart skrinleggja, skriv BA på leiarplass tysdag. Foto: STATENS VEGVESEN, ILLUSTRASJON

Dropp brua over Bjørnafjorden

Avisa meiner E16 må rustast opp, og at draumen om ferjefritt over Bjørnafjorden må vera ein draum.

I avisa tysdag tekBA, på leiarplass eit oppgjer med planane om ferjefri samband over Bjørnafjorden. Dei meiner prosjektet og politikarane har sklidd ut, og at kostnadane no er altfor høge.

«Om man hadde tatt hensyn til geografien, innsett at bro over Bjørnefjorden var urealistisk dyrt, og heller holdt seg til noe mer overkommelig geografi inni landet. Dessverre kom politikerne helt ut av kurs. Det viktigste ble å redusere kjøretiden mellom Bergen og Stavanger. Tilsynelatende kunne det koste hva det koste ville», heiter det mellom anna i leiaren.

Vidare skriv avisa at det er meir hast å få bygd ny E16 mellom Arna og Voss, rett og slett fordi strekninga er livsfarleg.

«For å si det enkelt, så er det ikke livsfarlig å reise med ferge over Bjørnefjorden. E16 må prioriteres foran fergefri E39 – om vi må prioritere. Noe vi selvsagt må», heiter det vidare.

Som ein konklusjon skriv avisa at det no nærmar seg eit endeleg farvel til bru over Bjørnafjorden, og at me i vest bør skunda oss å fortelja at E16 er viktigare. Dette fordi regjeringa snakkar om mindre handlingsrom framover.

«Det er mye å spare på å kutte fra fire til to (eller tre) felt på nye E39, og beholde noen bilferger. For eksempel på Bjørnefjorden»».