Øyvind Halleraker i Hordfast AS jobbar for å realisera Hordfast så rast som råd.
Øyvind Halleraker i Hordfast AS jobbar for å realisera Hordfast så rast som råd. Foto: ANDERS TOTLAND

– Dropp omkampen

Øyvind Halleraker i Hordfast AS har ei klar oppmoding til kommunane i Sunnhordland.

– Me ser kva som skjer med prosjekt der det kjem lokale omkampar. Dei blir utsett, og potensielt i lang tid, seier Øyvind Halleraker.

Den tidlegare stortingsmannen gjekk i haust over til jobben som dagleg leiar for Hordfast AS, som har som mål å få realisert Hordfast raskast mogeleg. Torsdag morgon presenterte han arbeidet, og dei mest aktuelle problemstillingane for medlemmene i Stord Næringsråd.

Eitt av spørsmåla som enno ikkje er avklara, er kor den nye E39 skal kryssa Langenuen. Medan dei fleste kommunane i Sunnhordland, og fylkeskommunen, har kjempa for sørleg kryssing, har Statens vegvesen ivra for det som blir kalla midtre kryssing, noko lenger nord.

Ligg an til å tapa

Ikkje minst er det omsynet til at Kvinnherad ein gong i tida skal kunna kopla seg til den nye vegen, som har peika mot sørleg løysing.

Skal me tru Halleraker, er det ein kamp sunnhordlendingane no ligg an til å tapa.

Rådmann Magnus Mjør (t.v.) og Hordfast-styreleiar Lars Solberg var blant tilhøyrarane, då Halleraker presenterte prosjektet torsdag.
Rådmann Magnus Mjør (t.v.) og Hordfast-styreleiar Lars Solberg var blant tilhøyrarane, då Halleraker presenterte prosjektet torsdag. Foto: ANDERS TOTLAND

– Med dette alternativet kan me spara to milliardar kroner. Med det presset som er på å få ned kostnadane i heile prosjektet, må me ta innover oss at dette er ein betydeleg sum, seier Halleraker.

Meiningar: «Prosjekt utan kostnadstyring og realisme»

Fryktar omkamp

Han meiner kommunane framleis må få kjempa for sine synspunkt, men manar til orden i rekkjene når det endelege vedtaket etter kvart kjem.

– Det må ikkje bli omkampar her, seier Halleraker.

Vil framleis kjempa

Han får støtte frå Stord-ordførar Gaute Straume Epland (Ap).

– Eg er heilt samd med Øyvind i dette. Me kjem framleis til å kjempa for sørleg kryssing, men dersom me taper kampen, må me godta det. Det overordna målet er å få realisert Hordfast, seier Epland.

Det same seier Sigbjørn Framnes (Frp), som òg var til stades på frukostmøtet torsdag.

– Den sørlege kryssinga er ikkje så viktig at me ikkje kan leva med den midtre, seier Framnes.

Les også:Fylkestinget vil ha fart på Hordfast