STOPPA IKKJE: Ein mann i 60-åra fekk laurdag eit forenkla førelegg på 6.800 kroner, for ikkje å ha overhalde vikeplikta overfor ein fotgjengar i gangfelt. Bildet er frå ein tidlegare kontroll. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Dyr køyretur for mann

Stoppa ikkje for fotgjengar.

Ein mann i 60-åra fekk laurdag formiddag ein dyr køyretur, då han ikkje overheldt vikeplikta overfor ein fotgjengar i gangfelt i Vabakkjen-området på Stord.

– Mannen blei observert av politiet, og eit førelegg på 6.800 kroner blei utskrive, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.