Med i podkasten: Ståle Eskeland er gjest i studio. Foto: Kjetil Fyllingen

– Eg er eigentleg ikkje så glad i å skru

Ståle Eskeland, kjend som Sinnamekker´n, er med i Sunnhordlandpodden denne veka.

I studio fortel han mellom anna om oppveksten sin, hestar og kvifor han elskar bilar med sjel.

– Gamle bilar er eg veldig glad i. Ein bil som dreg deg frå a til b kan vera kva som helst, men desse gamle med litt historie. Det er nostalgien i det eg er glad i, seier Eskeland i episoden.

Likevel innrømmer han at han ikkje er særleg glad i å skru på bil.

– Ikkje sei det til nokon. Eg skrur litt, men det er jo ein grunn til at eg kalla meg for Sinnamekker'n. Eg har ikkje så godt tolmod, så om eg skrur må det helst gjerast i ein fart. Totalrestaurering av bil vågar eg meg altså ikkje på, fortel Eskeland.

Du får også høyra om musikken, pirat-show og andre morosame prosjekt han har på gang.

Høyr episoden her:

… eller via denne lenkja.

Her er oversikta over alle episodane av Sunnhordlandpodden.

Har du fått med deg «På tur i bilar med sjel»? Du kan sjå serien her. I sesong 2 var Eskeland på tur med mellom andre rapparen Kamelen: