«Eg er klar for alt så lenge eg får denne ungen»
Camilla Abelsen (33) deler ope frå kampen for å bli gravid.
Sist måndag var det premiere på den nye Sunnhordland-podkasten «Camilla vil ha baby». Gjennom seks episodar får me eit nært innblikk i livet til stordabuen medan ho gjer det ho kan for å bli gravid.
I første episode blir me kjend med Camilla og hennar mange forsøk på å bli gravid. Ho fortel om kor mykje ho er villig til å ofra for å oppnå draumen.
Du kan lytta til første episode i boksen under, eller søka opp «Sunnhordland Dokumentar» der du lyttar til podkast.
Kommande måndag morgon kjem andre episode ut. Følg med på Sunnhordland.no/camilla. Og følg gjerne Sunnhordland dokumentar der du lyttar til podkast.