ROLEG: Den siste veka har det ikkje vore nye smittetilfelle i Fitjar. Harald Rydland og kommuneleiinga kan no letta litt på reglane. ARKIVFOTO: INGVILD EIDE Foto: Ingvild Eide

Ei veke utan smittetilfelle

No opnar Fitjar kommune bassenget på Rimbareid skule.

Det kjem fram i ei melding som ordførar Harald Rydland har sendt til redaksjonen.

– Me kan med glede melda om at det ikkje er registrert nye smittetilfelle i Fitjar sidan 13. november. Kommunen si kriseleiing vil takka for at det vert drive godt smittevern på alle plan i bygda vår. Me ser at det gode arbeidet gjev resultat, og oppmodar difor alle til å vera like flinke framover, skriv Rydland.

OPNAR IGJEN: Bassenget ved Rimbareid blir opna igjen for offentleg bading. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Fitjar kommune har i alt hatt 18 smittetilfelle, ni av desse i smittebølgja i haust.

Smittevernlegen i Fitjar har den 20.11. fatta nytt vedtak etter smittevernlova. Her er dei nye reglane som gjeld i kommunen fram til måndag 7. desember.

• Det vert forbod mot alle offentlege arrangement med over 50 deltakarar

• Treningssenter skal ha to meter avstand mellom brukarane.

• Fitjar vidaregåande skule skal gå til gult smittevernnivå frå måndag 23.11.20

• Besøkjande på sjukeheimen (FBB) skal bruka munnbind og to meter avstand til andre (maks. ein person om gongen)

• Bassenget på Rimbareid skule vert opna for offentleg bading. Skulesymjing vil og gå som normalt.

Kommunen opprettheld smittevernvedtaket om karantene i 10 dagar for tilsette i helsetenesta og for barn i barnehage og skulen som har vore i utlandet.