annonse

Éin i arresten og to tekne med narkotika

PÅ FESTIVAL
PÅ FESTIVAL: Atle Birkeland er innsatsleiar for politiet under Tysnesfest. Her fotografert under festivalen for to år sidan. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Folk strøymer til Tysnes for festival. Politiet er sjølvsagt på plass for å sørgja for ro og orden.

Ingvild Siglen Berger

Innsatsleiar Atle Birkeland seier til Sunnhordland at det var lite å setja fingeren på torsdag kveld og natt til fredag i Våge.

– Éin mann vart køyrd med båt til Os, og sett i arresten i Bergen sentrum. Han var til plage for andre gjester på konsertområdet, der ein person skal ha fått ei hand i ansiktet som resulterte i knekte briller. Han var heller ikkje interessert i å snakka med politiet, og etter kvart bar det altså i arresten, fortel Birkeland.

Mannen i 20-åra skal vera heimehøyrande i Sunnhordland. Politiet hadde også ein narkotikahund på plass i området.

– I løpet av kvelden vart det gjort funn på to personar, som begge vert meldt for å ha narkotika på seg, seier innsatsleiaren.

Elles har det gått fint og roleg føre seg i samband med festivalen.

– Det vert lagt ned ein solid innsats for at alle skal trivst her og koma seg heilskinna heim att. Arrangøren, dei frivillige og Raude Kors gjer ein veldig god jobb. I tillegg har me Kystvakta KV Tor til kai, som er ein unik ressurs, seier Birkeland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut