Smitta: Sveio kommune opplyser at ein person har fått koronavirus i Sveio. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Éin korona-smitta i Sveio

Sveio kommune melder at ein person har fått påvist koronavirus i Sveio.

– Vedkommande har vore i isolasjon etter heimkomst frå land med vedvarande smitte, og det er ikkje grunn til å tru at vedkommande har smitta andre etter heimkomst, skriv kommunen på sine heimesider.

På grunn av fleire innkomne spørsmål, opplyser kommunen også om at ein fortløpande vurderer kva tiltak som skal setjast i verk i samband med korona-smitte.

– På noverande tidspunkt er skular og barnehagar opne. Kommunen vil følgja nasjonale råd og anbefalingar, i tillegg til at lokale vurderingar blir gjort. Kommunen oppmodar innbyggjarane til å følgja med på kommunen sine nettsider og på kommunen si Facebook-side for oppdateringar, melder kommunen torsdag.

Les også
Reisefølgjet er smitta, stordabu ventar på svar

Ein har elles sett i verk ytterlegare tiltak for å avgrensa større forsamlingar, og torsdag vart alle offentlege bygg stengd for anna enn kommunal aktivitet.

– Dette inneber òg at skulane vil avgrensa alle aktivitetar utanom undervisinga som ikkje er strengt nødvendige. Vidare skal besøk til omsorgssenteret og omsorgsbustadane avgrensast. Dersom du ønskjer å besøka ein bebuar her, oppmodar kommunen at du vurderer om besøket er nødvendig og om kontakt kan gjennomførast på andre måtar, f.eks. via telefon. Besøk skal ikkje skje i fellesområde, skriv kommunen.

Dersom du har symptom på koronasmitte, eller har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøkja offentlege bygg, inkludert kommunehuset, skular, barnehagar, omsorgssenter, omsorgsbustadar, Vigdartun og biblioteket.

– Det same gjeld dersom du den siste tida har vore på reise utanlands, står det på nettsidene.

Kommunen minner om symptoma på koronasmitte, som ifølgje Folkehelseinstituttet kan likna symptoma ein får dersom ein er forkjølt eller har influensa; sår hals, feber og hoste.

Les også
All breiddefotball blir stoppa ut april