MC-ulukke: Naudetatane rykte laurdag kveld ut til ei MC-ulukke på Tysnes. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ein person sendt til sjukehus etter MC-ulukke

Utrykking til ei trafikkulukke laurdag kveld.

Naudetatane rykte laurdag kveld ut til ei MC-ulukke i Hegglandsvegen på Tysnes. Vest politidistrikt melder at to personar var involvert i ulukka og at MC-en trefte autovernet.

– Føraren seier seg uskadd, medan passasjeren er sendt til Stord sjukehus for undersøkingar/behandling, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet har oppretta sak.