KVÆRNER: Torsdag morgon har det skjedd eit arbeidsuhell på industriområdet i Eldøyane. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Arbeidsuhell på Eldøyane

Ukjent skadeomfang.

Klokka 07.50 torsdag morgon blir det meldt om eit arbeidsuhell i industriområdet på Eldøyane. Det er førebels uklart kva bedrift det gjeld, ifølgje politiet.

– Ein person brannskada i samband med varmearbeid. Skadeomfang ukjent, men personen skal vera ved bevisstheit, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Les også
Til Haukeland med luftambulanse etter arbeidsuhell

Personen, som ifølgje politiet ikkje skal vera kritisk skadd, er frakta av garde i ambulanse for vidare behandling.

– Det er snakk om ein mann i 30-åra, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit til Sunnhordland.

Politiet er i gang med naudsynte undersøkingar på staden.