Ein til sjukehus etter front mot front-kollisjon

To personar køyrd til legevakt.

Søndag skjedde det ein kollisjon mellom to bilar på Bremnesvegen i Hollundsdalen på Bømlo.

Naudetatane rykte ut til staden, der totalt tre personar var involvert i ein front mot front-kollisjon. Alle var bevisste.

«Ein person blir køyrd til Stord sjukehus med hovudskade, dei to andre blir køyrd til legevakt for sjekk/behandling», skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.

Det var elles store materielle skadar på køyretøya. Ulukka blei meldt klokka 11.55.

«Det skal vera glatt vegbane på staden», melder politiet.