Hadde kontroll: Natt til fredag var politiet ute på E39 ved Jektavik. Foto: Henrik Mundal Andreassen/arkiv

Ein vart teken i fartskontroll

Politiet kontrollerte farta forbi Jektavik.

Det var ved 02.45-tida natt til fredag, at ein politipatrulje gjennomførte snittmåling i 60-sona på E39 forbi Jektavik. Dei aller fleste bilistane køyrde etter boka.

– Ein bilførar fekk eit forenkla førelegg for å ha køyrd i 71 kilometer i timen, seier vaktleiar Håkon Tornes i Sør Vest politidistrikt, Haugesund.