Det var full fyr då politi og brannvesenet kom fram til einebustaden på Malkenes på Tysnes, og ein mann i 70-åra er ikkje gjort greie for.
Det var full fyr då politi og brannvesenet kom fram til einebustaden på Malkenes på Tysnes, og ein mann i 70-åra er ikkje gjort greie for. Foto: Camilla Korsnes, Bladet Tysnes

Einebustad i full fyr – éin person sakna

Ein person er ikkje gjort greie for etter ein bustadbrann på Tysnes i natt.

Det var like etter midnatt at naudetatane fekk melding om brann i ein bustad på Malkenes på Tysnes. Det var full fyr i huset, og naudetatane rykte ut.

– Det er registrert to personar på adressa. Den eine er bekrefta vekkreist. Politiet har ikkje kontroll på den andre personen, melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 01.17 natt til onsdag.

Ifølgje tysnesbladet.no skal brannvesenet ha fått kontroll på brannen klokka 02.20, men dreiv med ettersløkking ut over natta.

Det var aldri noko fare for spreiing til andre hus i nærleiken.

– Det var naboar som oppdaga brannen, og melde frå til naudetatane. Då var huset allereie så overtent at dei ikkje kunne ta seg inn. Huset er totalskadd. Årsaka til brannen er førebels ukjend, skriv avisaTysnes.

Den sakna er ein mann i 70-åra.

SISTE:Mann i 70-åra omkom i husbrann på Tysnes