STORD: Brannsjef Jan Ove Anthun og kollegaene hans håpar folk nyttar verdas eldredag til å sjå etter tryggleiken hos dei eldste i samfunnet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Einslege eldre mest utsett for dødsbrann. Brannsjefen ber folk hjelpa til med brannvern

Lokale brannsjefar oppmodar folk om å gjera det tryggare for dei eldste.

Kommande torsdag er det verdas eldredag. Brannsjefar på Vestlandet ber folk om å nytta dagen til å gjera det tryggare for dei eldste blant oss.

– Personar over 70 år som bur aleine har fire-fem gongar høgare risiko for å omkomma i brann enn resten av befolkninga. Samstundes blir det stadig fleire eldre og dei bur heime lenger enn før. Me brannsjefar her i vest oppfordrar deg til å gjera det tryggare for dei du er glad i på verdas eldredag 1. oktober. Gode brannverntiltak reddar nemleg liv, og det er ofte ikkje så mykje som skal til, står det i ein felles uttale frå brannsjefane. Mellom andre Jan Ove Anthun på Stord og Tore Nesbø på Fitjar.

– Dei gongane me rykkjer ut til brannmeldingar hos eldre, er det med hjartet ekstra høgt i halsen. Me veit at det er ein høgare risiko for at det går frykteleg gale når det brenn heime hos folk som er godt oppi åra, skriv dei vidare.

Brannar med dødeleg utfall oppstår oftast i stova og på soverommet, og den vanlegaste årsaka er open eld, først og fremst røyking. Når ein inkluderer dei brannane og branntilløpa som ikkje har dødeleg utfall, er det komfyren som toppar statistikken.

– Sjølv om mange eldre er spreke, er det ikkje til å komma vekk frå at ein gjerne ikkje er like kvikk i høg alder som i yngre dagar. Når høyrsel og syn blir svekt er det vanskelegare å oppdaga ein brann. Er ein dårleg til beins og balansen sviktar, så er det heller ikkje så lett å komma seg raskt ut om det brenn, skriv brannsjefane.

FITJAR: Brann- og driftssjef Tore Nesbø (t.h.) i Fitjar brannvesen oppmodar innbyggjarar om å hjelpa eldre med tryggleiken. Her med utrykkingsleiar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Østrem

No ber dei folk om å besøka bestemor eller den eldre naboen og sjekka at røykvarslar, komfyrvakt og sløkkjeapparat er på plass og fungerer.

– Gjer reint filteret i kjøkenvifta over komfyren. Pass på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand frå varmeomnar og sørg for at rømmingsvegane er ryddige. Rydd også unna lysmansjettar, brannfarlege lysdekorasjonar og ustødige lysestakar – og legg om mogleg til rette for at røyking kan skje utan fare for brann, skriv brannsjefane og legg til:

– Det er forresten ein føresetnad at du ikkje bryt koronareglane når du er på besøk, men me er viss på at du greier å gjera det på ein smittefri måte. Som ein bonus blir det truleg ei hyggeleg oppleving. Og kanskje er du med på å redda eit liv?

Les også
Søkjer løyve til å setja opp ny brann- og ambulansestasjon

Oppmodinga er signert Leif Linde (Bergen, Vaksdal, Osterøy og Vaksdal), Bjørn Olav Paulsen (Øygarden), Torfinn Kongsvik (Tysnes), Atle Josdal (Kvinnherad), David Skjerven (Voss, Eidfjord og Ulvik), Eivind Hovden (Bjørnafjorden), Ove Halleraker (Bømlo), Hans Bjånesøy (Austevoll), Jan Ove Anthun (Stord), Torleif Ones (Kvam), Sigbjørn Kleppe (Ullensvang), Tony Nyberg (Askøy) og Tore Nesbø (Fitjar).