Søskena Theodor (5 1/2) og Tomine (3 1/2) Skarpenes frå Flekkefjord hadde det heilt topp i Legoland. Her føre Miniland. – Legobåtane var kjempekule, dei flyt jo på vatnet, seier Tomine Skarpenes.
Søskena Theodor (5 1/2) og Tomine (3 1/2) Skarpenes frå Flekkefjord hadde det heilt topp i Legoland. Her føre Miniland. – Legobåtane var kjempekule, dei flyt jo på vatnet, seier Tomine Skarpenes. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eit mekka for småbarnsfamiliar

I sommar kan du fly direkte frå Stord til Billund – men kva kan du eigentleg oppleva der?

Ein av dei mest besøkte attraksjonane i Danmark er utan tvil Legoland. Verdas kanskje mest populære leiketøy gjennom tidene, legoklossen, har sin heimstad i den vesle byen sørvest i Danmark.

Men betyr Billund berre Lego, eller kan ein også finna på andre ting å gjera på i løpet av eit par dagar her i området?

Sunnhordland tok turen i juni og testa ut Billund. På dag 1 flaug me ned. På dag 2 opplevde me Billund og omland, og på dag 3 reiste me heim att. Dette var det me opplevde:

Legoland

Sjølve hovudattraksjonen i Billund. Like ved flyplassen finn ein de gigantiske anlegget, som også har ein gigantisk parkeringsplass.

Når ein går inn portane blir ein møtt av eit hav av legobutikkar, før ein kjem inn i «Miniland» som er det første av sjølve fornøyelsesparken som møter ein.

Mamma Karoline og pappa Tor Gunnar Skarpenes frå Flekkefjord, med borna Iben (1 1/2), Tomine (3 1/2), og Theodor (51/2).
Mamma Karoline og pappa Tor Gunnar Skarpenes frå Flekkefjord, med borna Iben (1 1/2), Tomine (3 1/2), og Theodor (51/2). Foto: Henrik Mundal Andreassen
MS «Granvin» føre Bryggen i Bergen. Til venstre ser ein også snøggbåten «Tedno», og bak ser ein katamaranen «Sunnhordland».
MS «Granvin» føre Bryggen i Bergen. Til venstre ser ein også snøggbåten «Tedno», og bak ser ein katamaranen «Sunnhordland». Foto: Henrik Mundal Andreassen
Flaggskipet i Billund er utan tvil klossegiganten sitt Legoland.
Flaggskipet i Billund er utan tvil klossegiganten sitt Legoland. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Teamleiar og livvakt Rasmus Ravn fortel at det kan vera opp mot 700 badande på ein gong i det populære badelandet.
Teamleiar og livvakt Rasmus Ravn fortel at det kan vera opp mot 700 badande på ein gong i det populære badelandet. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Held til like ved Legoland og flyplassen i Billund, og har både innandørs og utandørs basseng og sklier.
Held til like ved Legoland og flyplassen i Billund, og har både innandørs og utandørs basseng og sklier. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Sjiraffar og gnuar er nokre av dyra ein kan sjå i Givskud. Gorillaer har dei her også.
Sjiraffar og gnuar er nokre av dyra ein kan sjå i Givskud. Gorillaer har dei her også. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Å køyra inn til løvene i eigen bil er ei mektig oppleving. Litt skummelt, men mest kjempespanande!
Å køyra inn til løvene i eigen bil er ei mektig oppleving. Litt skummelt, men mest kjempespanande! Foto: Henrik Mundal Andreassen
Inne i Lego House er det store og små figurar laga av legoklossar. Her ser me nokre svære dinosaurar som det sikker må ha teke månadsvis å laga.
Inne i Lego House er det store og små figurar laga av legoklossar. Her ser me nokre svære dinosaurar som det sikker må ha teke månadsvis å laga. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Dei store skulpturane Mennesket ved havet sit å skodar utover sjøen ved kystbyen Esbjerg.
Dei store skulpturane Mennesket ved havet sit å skodar utover sjøen ved kystbyen Esbjerg. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Danske Klaus Bigon stortrivst her, og fortel at det ikkje er banen sin feil om ein ikkje treff holet. – Det er ein fantastisk golfpark, miljøet er unikt, og banen er god. Greenen er også fin og hurtig, seier golfaren.
Danske Klaus Bigon stortrivst her, og fortel at det ikkje er banen sin feil om ein ikkje treff holet. – Det er ein fantastisk golfpark, miljøet er unikt, og banen er god. Greenen er også fin og hurtig, seier golfaren. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Grønt gras så langt auga kan sjå i Gyttegård Golfpark, som ligg få minutts køyretid sør for Billund sentrum.
Grønt gras så langt auga kan sjå i Gyttegård Golfpark, som ligg få minutts køyretid sør for Billund sentrum. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Her ser ein miniatyr-kopiar av byer frå heile Europa, inklusive Bergen. Alt bygd opp av Legoklossar, til ein imponerande nøyaktigheit. Til og med M/S «Granvin» er å sjå flytande føre Bryggen i Bergen. Dersom ein skal få med seg heile parken brukar ein fort ein heil dag i den store parken, som har haugevis av attraksjonar og leikemogelegheiter, og restaurantar og kafear.

Sunnhordland trefte på familien Karoline og Tor Gunnar Skarpenes frå Flekkefjord, som hadde borna Iben (1 1/2), Tomine (3 1/2), og Theodor (5 1/2) med seg i Legoland. Dei hadde teke danskebåten, og køyrde i eigen bil.

– Me bur i Lego Village, kor det er teltplass og hytter med gode dusjfasilitetar. Legoland har vore heilt topp for oss med born, det treff rett heim hjå dei, smiler mamma Karoline.

– Kva var det morosamaste i Legoland då?

– Tømmerrenna synest eg var kjekkast, seier Tomine (3 1/2).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likte best ørne-berg og dalbanen, seier Theodor (5 1/2), og siktar til Flying Eagle-rollercoasteren i Legoland.

Les også: No flyr dei til Legoland

Givskud Zoo

Ein artig dyrepark ein halvtimes tid unna Billund. Det spesielle med Givskud Zoo er at ein kan køyra med bilen sin gjennom dyrehagen. Ein får då køyrt nesten heilt inntil dei frittgåande dyra. Alt frå sjiraffar, til emuar og svære bisonar.

Høgdepunktet er utan tvil når ein skal køyra inn i det hardast sikra området i parken av dei alle. Med svære gitter overalt. Vakthaldet er strengt, og ein får ikkje lov til å ha dører eller vindauge opne. Ein blir slept gjennom eit par slusedører, og plutseleg er ein omkransa av løver, som spaserer rundt bilen din!

Lalandia

Billund sitt eige badeland, Lalandia, er ein av to slike badeparkar i Danmark. Lalandia opna i 2009, og er eit stort badeland inne i eit kjøpesenter, like ved flyplassen og Legoland.

Til Lalandia kjem det mange danskar, svenskar, nordmenn og tyskarar for å bada kvart einaste år. På ein populær dag er det mot 700 badande her inne på ein gong, og opp mot 2.500 besøkjande i løpet av ein heil dag.

Lego House

Dette store og kule huset midt i Billund sentrum er eit slags Lego-museum. Her kan store og små få utfolda seg med ulike eksperiment og aktivitetar. Ein får også informasjon om ulike aspekt av Lego-universet, frå historia til Lego, og produksjonen av klossane. Ein aldri så liten «Lego-fabrikk» er det også her som alle besøkjande får ein liten pose med legoklossar av med seg heim.

Gyttegård golfpark

Lange opne grasbakkar omkransa av grøne tre som avgrensar banane. Danmark er eit ganske så flatt land, og passar difor fint for å spela golf. For alle spelarar er Gyttegård golfpark absolutt ein fin plass å besøka, og parkbanen blir rekna som ein av dei beste på Midtjylland.

Esbjerg

Kystby med eigen sandstrand og flotte gater å spasera i. Ein kan gå langs stranda, shoppa, eller ta seg ein matbit blant ein av byens restaurantar. Burgaren på restauranten Dronning Louises midt i sentrum smakte elles fortreffeleg, etter ein lang dag på farten.

Transportmiddel

Leigebil er ikkje eit must, men er absolutt å anbefala om ein vil oppleva meir enn berre Billund på den relativt korte tida ein har i Danmark. I Billund er alt sentralt, og stort sett innan gåavstand. Til og med flyplassen kan ein gå frå, om ein reiser lett, vel å merka. Spesielt om hotellet er nært flyplassen. Ein kan også nytta seg av kollektivtrafikken i Billund og omland, men den rakk me diverre ikkje å testa ut på den korte tida me var her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med leigebil kjem ein raskt og enkelt fram, for ein grei penge. Billund ligg ein time eller mindre frå fleire danske byar, som mellom anna Esbjerg, Kolding, Vejle, Horsens, Herning, og ikkje minst Aarhus. I løpet av opphaldet. me rundt i Billund, og var innom Esbjerg og Givskud. Me tilbakela om lag 200 kilometer på desse tre dagane. Me anbefaler ikkje at ein opplever alle desse tinga på ein dag. Då får ein berre sett, men ikkje opplevd så mykje.

Favorittane

Av det lokalavisa opplevde på turen så er favorittane absolutt Legoland og Givskud Zoo. Dersom ein er ein familie på reis, og som likar å bada, så vil nok Lalandia vera midt i blinken.

I tillegg til hovudattraksjonane i Billund finst det også eit drøss av kulturelle aktivitetar ein kan få med seg. Museum og galleri finn ein over heile området.

Som til dømes teddybjørn-museet i Billund, og Tirpitz-museet i Esbjerg. Elles er det jo fint å berre sitja seg ned på ein utandørs kafe. Sjå på folk som går forbi. Ta seg ein kopp kaffi, eller ein iskald god alkoholfri øl om ein køyrer bil. Og berre nyta Danmark.

Les også: DAT vil ha klima-nøytrale flyreiser

MERK: Denne reportasjeturen er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnhordland og flyselskapet DAT der DAT betalte for opphaldet.