HALV MASKIN: Ekspressbussane køyrer med halvfulle bussar og tapar pengar. Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

Ekspressbussane tapar pengar

– Etter nesten ingen inntekter under reiseforbodet i mars og april, har me no valet mellom å køyra med tap eller å la bussane stå.

Det seier Merethe Olsen, administrerande direktør i NOR-WAY Bussekspress, som driv mellom anna Kystbussen, i ei pressemelding.

Her står det at rundt nitti prosent av passasjergrunnlaget for ekspressbussane forsvann etter 12. mars på grunn av reiseforbodet.

– No gjer krav til eitt ledig sete per passasjer det ulønsamt å starta opp igjen. Resultatet kan bli stans i ferietrafikken i sommar og varige nedleggingar av mange ruter, skriv Olsen.

Toget på Vestlandet

I pressemeldinga peiker Olsen på at ekspressbussane er Vestlandet sitt «togtilbod».

– Etter nesten ingen inntekter under reiseforbodet i mars og april, har me no valet mellom å køyra med tap eller la bussane stå, Ekspressbussene køyrer utan offentleg støtte. For å få dekka kostnadane ber næringa om et tilskot, der myndigheitene betalar for eitt sete for kvar billett som blir seld, seier ho.

Travel sommar

Ekspressbussane ser føre seg at sommarsesongen 2020 kan bli den travlaste nokon gong, fordi nordmenn skal feriera i Norge. Men problemet som bransjen opplever er at kvar buss berre kan vera halvfull på grunn av smittevernråda.

– Forslaget om kompensasjon er spelt inn av NHO Transport, og må på plass i den proposisjonen regjeringa sender Stortinget den 29. mai, slik at me og kundane kan leggja planar for sommaren no. Dei tre sommarmånadane er heilt avgjerande for selskapa sine inntekter for året som heilskap. Viss denne sommaren skal gje null inntekter og store tap på grunn av faste kostnader, kan det bety selskapsavvikling og nedlegging av fleire ekspressruter, som i dag har låg lønsemd, uttalar Magrethe Olsen i pressemeldinga.