EKSTREM OPPUSSING: Dei gamle korridorane på Stord sjukeheim frå 1987 har blitt lysare og meir moderne. Dette biletet er frå C-blokka. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Eldrebølgja slår inn over Stord med stor kraft. Slik rustar kommunen seg mot sjukeheimskrise

Så mange nye institusjonsplassar trengst på Stord om åtte år.

Rådmannen legg opp til at fem nye sjukeheimsplassar blir tekne i bruk i løpet av neste år, skriv han i budsjettforslaget sitt som blei lagt fram tysdag.

Les også
85 millionar til Leirvik skule

– Krav til planlegging

Dermed følgjer han opp vedtaket frå kommunestyret, som seier at kapasiteten skal aukast med fem plassar i året.

Prognosen seier at Stord kommune vil ha 1.550 fleire eldre over 80 år i 2050. Dersom dagens dekningsgrad skal oppretthaldast er det behov for 90 nye institusjonsplassar alt i 2030, skriv rådmannen.

Han legg til:

– Dette vil setja krav til planlegging og prioritering alt i denne økonomiplanperioden.

Eit enkelt reknestykke fortel at fem nye institusjonsplassar i året er langt unna takten som trengst for å dekkja behovet om 90 nye plassar åtte år fram i tid.

Les også
Nyoppussa sjukeheim skapar ringverknader – kan frigjera fleire pasientrom som sårt treng oppussing

– Har venta

Einingsleiar Esther Aasen Bjelland ved Stord sjukeheim fortel at ho har venta på dette.

– Me har visst lenge at det blir ein stor auke av eldre i Norge, også her på Stord. Det er nokre år att til 2030, men dei åra går fort. Difor er det heilt naudsynt at me byrjar planlegginga no, dersom me skal rekkja å få nye institusjonsplassar på plass, seier Aasen Bjelland.

– Det vil krevja endå eit nybygg?

– Ja. Dersom me skal klara å ha same dekning som me har no for eldre over 80 år, så må ein byggja nytt. Det er krevjande, men fordelen med helsebygg er at desse utløyser ein stor grad av støtte, gjennom husbanken. Dette gjer det rimelegare for kommunane, samanlikna med å realisera andre typar offentlege bygg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

MODERNE TOALETT: Esther Aasen Bjelland einingsleiar Stord sjukeheim er særs nøgd med dei heilt nye og vendbare toalettseta. Samstundes påpeikar ho at det må endå eit nybygg på plass om Stord kommune skal klara å halda oppe sjukeheimsdekninga si inn mot 2030. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fem nye plassar i bruk

Ein flunkande ny sjukeheim blei ferdigstilt i Bandadalskvarteret i 2020. Rehabilitering av den gamle delen på Stord sjukeheim er no i siste fase, og dei renoverte plassane blir gradvis tekne i bruk.

Det er ved inngangen til 2022 19 ledige sjukeheimsplassar som ikkje er tekne i bruk i Stord kommune.

Dei ledige plassane gjer det mogeleg, skriv rådmannen, å flytta bebuarar frå Knutsaåsen omsorgssenter til Stord sjukeheim, slik at dei eldste romma på Knutsaåsen kan oppgraderast.

I forslag til budsjett er det sett av 8,0 millionar kroner til å oppgradera dei 20 romma på avdeling 2 på Knutsaåsen og 1,5 millionar kroner til oppgradering av rom på Stord sjukeheim, heiter det i budsjettforslaget.

Les også
Håpar på betring av stort arbeidspress i heimetenesta

– Realistisk

Aasen Bjelland seier følgjande om rådmannen sitt budsjettforslag:

– Det er i alle fall eit realistisk budsjettforslag, tenkjer eg. Me har dei rammene me har, og så er det å prøva å gjera det beste ut av det. Fordelinga mellom dei ulike tenestene innanfor rehabilitering, helse og omsorg ser grei ut, etter mitt syn, seier ho.

Må ha tiltak no

Leiar i Fagforbundet Stord/Fitjar, Monica Brekke Fosse, seier til Sunnhordland at eldrebølgja vil bli ei utfordring for Stord kommune dei kommande åra.

– Dette må kommunen ta innover seg både i høve til framtidige budsjett og personell. Eldrebølgja går ikkje over. Stadig fleire oppnår høgare levealder, seier Brekke Fosse.

Ho held fram:

– Skal ein klara å ha nok personell i tida framover må det setjast i verk tiltak alt no. Det må òg gode budsjett på bordet for å kunna handtera utfordringa me står i. Når prognosane seier at kommunen treng 90 nye sjukeheimsplassar om berre åtte år så må jobben starta no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Tilsette er under eit umenneskeleg arbeidspress

Uroa

Brekke Fosse legg ikkje skjul på at ho er uroa over situasjonen i helsesektoren. Ho meiner det ikkje er godt nok å fasa inn tre nye sjukeheimsplassar på våren, og tre nye først til hausten.

– Stord kommune må innføra alle dei fem sjukeheimsplassane i januar. Per i dag er presset på heimebaserte tenester for stort, der ein ser at det er brukarar som har store hjelpebehov og som ikkje kan bu heime så særleg mykje lengre. Me ser også ein stor auke blant unge brukarar som treng hjelp frå heimebaserte tenester, seier ho.

Les også
Rådmannen vil leggja ned Sagvåg brannstasjon – dette seier brannsjefen