Om lag 30 elevar frå 5. til 7. klasse streika for å plukka bos langs vegen i Sagvåg.
Om lag 30 elevar frå 5. til 7. klasse streika for å plukka bos langs vegen i Sagvåg. Foto: Privat

Elevar arrangerte alternativ klimastreik

Fredag streika elevar på Sagvåg skule for klima og brukte dagen til å plukka bos.

Om lag 30 elevar frå 5. til 7. klasse streika frå skulen for å plukka bos langs vegen i Sagvåg.

Over heile landet og verdastreika elevar for klimaet og gjekk i demonstrasjonstog fredag. På Sagvåg skule valde elevane ei litt annleis løysing.

Elevane hadde eigentleg tenkt å få melding frå foreldra og reisa inn til Leirvik for å markera. Elisabet Meyer Eide tok initiativ til å heller gjera noko lokalt og handlingsretta.

Les også: – Me må visa at me meiner alvor

– Det var elevane sjølv som tok initiativet og ønskte å gjennomføra ei lokal markering. Eg synest det var ein veldig sympatisk måte å gjera det på, med å aktivt gå ut og gjera noko for miljøet, trass det dårlege vêret, fortel rektor Lars Bakka.

Elisabet Meyer Eide (til v.) var ein av initiativtakarane. Her saman med Amalie Olsnes.
Elisabet Meyer Eide (til v.) var ein av initiativtakarane. Her saman med Amalie Olsnes. Foto: Privat
Elevane gjorde ein solid innsats.
Elevane gjorde ein solid innsats. Foto: Privat

Elevane hadde sett saman streikekomité og møtte rektor før dei gjekk ut fredag. Han bestemte at dei skulle få lov til å gå ut, og er imponert over kor godt organisert dei var.

– Dei hadde på vestar og hanskar, og kom tilbake med store sekkar med bos som dei hadde plukka langs vegen.

Les også: Ber vaksne rydda opp