Ulukke: Det har skjedd ei dødsulukke på Stordabrua torsdag morgon. Foto: Tipsar

Éin person omkom i ulukke på Stordabrua

Det har skjedd ei ulukke på Stordabrua. Vegen er stengd.

I morgontimane torsdag har det skjedd ei alvorleg trafikkulukke på E39 Stordabrua.

Ifølgje operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt kom meldinga 06.45. Det skal vera ein trailer som har mista ein gjenstand, som igjen trefte ein motgåande bil. Vitne skal ha sett hendinga.

– Ein person er stadfesta omkommen. Me har førebels ikkje oversikt om det er andre skadde, seier Randulf til Sunnhordland.

Les også
Politiet avhøyrer vogntogsjåfør

Politiet har no kontroll på traileren som skal ha mista gjenstanden. Han vart stoppa av ein politipatrulje lenger sør på E39, ved Grønåsen i Sveio.

Stengd bru: Stordabrua har vore stengt sidan klokka 07 torsdag morgon grunna den tragiske ulukka. Foto: Olav Røli

Vegtrafikksentralen skriv på Twitter at vegen er stengt. Han vert stengt ei god stund framover.

Politiet opplyser at kriminalteknikarar og Statens vegvesen si ulukkesgruppe er på veg. Også Bømlafjordtunnelen er no stengt, på grunn av opphoping av bilar.

Les også
Stengjer brua i fleire timar