POLITI: I natt viste politiet vekk to rånande bilar på Heiane. Politiet fortel også at ferjekaiar fortset å vera populære rånestader. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Endå meir råning på Stord

Politiet viste vekk bilar frå Heiane.

Sidan koronadugnaden starta har det vore ei auke av råning på Stord, melder politiet, som er fullt klar over at det føregår råning spesielt på ferjekaiar som på Skjersholmane, der det har vore mykje råning og «børning» dei siste vekene.

– Det er mykje råning om dagane, og i natt så viste politiet på Stord vekk to rånande bilar frå Heiane, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Les også
Høglydt krangel i nabolag

I 21-tida i går fekk også politiet melding om råning på den nedlagde ferjekaien i Valevåg, som også har blitt ein ekstra besøkt stad i desse tider. No når ein ikkje kan samlast og vera i lag som før grunna koronaviruset, verkar råning til å ha blitt eit enno meir populært alternativ til å samlast. Og det er ikkje all køyring politiet er like begeistra for.

– På søndag var det 15 bilar som stod på kaien ved Valevåg, og i går var det 6-7 bilar som stod der. Det er snakk om såpass ille køyring at dei som melder inn dette her er redde for at nokon av bilane skal hamna på sjøen, seier Gunnar Sande.

Les også
Politiet viste bort bilar, etter ny «børne»-runde på Skjersholmane