FØRSTE MØTE: Her møtes mormor Unn og vesle Nicolai for første gong, på Stord sjukehus. Eit etterlengta møte. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Endeleg blei Unn mormor igjen - bli med på første møte

Høyr to bonusepisodar av podkasten «Camilla vil ha baby», der du lyttar til podkast.

Det har vore tøft for Unn Abelsen å følgja dottera Camilla Abelsen gjennom fleire spontanabortar og ein lang kamp for å få baby.

Sunnhordland fekk vera med Unn og barnebarnet Mina Celin (11) opp på føden på Stord sjukehus, for å møta vesle Nicolai for første gong.

Korleis det var, kan du høyra her, eller der du plar å høyra podkast:

«Camilla vil ha baby»

Gjennom heile 2020 følgde Sunnhordland Camilla Abelsen (34) og Alexander Hollund (34) sin veg gjennom prøverøyrsforsøk, positive og negative graviditetstestar.

I podkasten «Camilla vil ha baby» har lyttarane komme tett på prosessen. Camilla Abelsen har delt intime detaljar om opp- og nedturar.

Då podkastserien enda i starten på 2021, hadde Camilla akkurat mista babyen i magen i veke 13, og ho hadde eitt prøverøyrsforsøk igjen.

No tek me opp att tråden og høyrer korleis det går med Camilla. Kva har skjedd sidan sist og kva er stoda no?