MEIR BØRNING: I natt var det nok ein gong «børning»-aktivitet på Skjersholmane. Patruljen festa denne gongen auge på to punkterte bakhjul og ein dårleg bakaksling. Arkivfoto: Olav Bjørkum

Endå meir «børning» på Skjersholmane

Denne gongen oppdaga politiet to punkterte bakhjul og ein dårleg bakaksling.

Natt til tysdag trefte Stord lensmannskontor på to rånarar ute på Skjersholmane, der det var mykje bremsespor på staden.

– Politiet såg to punkterte bakhjul, og ein dårleg bakaksling, men det var ingen som innrømte noko som helst, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politihuset i Haugesund.

Dei to rånarane sleppte unna med eit munnleg pålegg. Dei siste par vekene har børning på Skjersholmane vore eit gjentakande fenomen på kaien på Skjersholmane.

Les også
Politiet viste bort bilar, etter ny «børne»-runde på Skjersholmane