GULT NIVÅ: Det er no moderat brannfare i store delar av Vestlandet. Stord, Fitjar, Kvinnherad og Bømlo har alle innført totalforbod mot å gjera opp open eld. Her er brannsjef Jan Ove Anthun, med avdelingsleiar for beredskap Frode S. Lillerud (bak) og brannmann Øystein Skutle. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Er det lov å grilla i eigen hage? Brannsjefen svarar

Fleire kommunar innfører totalforbod mot å gjera opp open eld.

Vestlandet sør for Stad er no omfatta av gult nivå, som betyr moderat fare for gras- og lyngbrann. Farevarselet gjeld inntil det kjem nedbør av betydning, melder Meteorologisk institutt.

Store ressursar i Øygarden

Fleire kommunar i Sunnhordland har no innført totalforbod mot å gjera opp open eld. I praksis betyr det at ein ikkje skal laga bål.

– Å grilla med ein gassgrill på terrassen er framleis lov, seier brannsjef Jan Ove Anthun til Sunnhordland fredag morgon.

– Det er kombinasjonen tørt vêr og vind, i tillegg til ressursbruk som gjer at me innfører totalforbod. Det er framleis store ressursar i bruk i Øygarden, både frå Siviliforsvaret, men òg helikopterberedskapen og fleire brannstasjonar, seier Anthun.

Les også
Har klar ressursar til bistå i Øygarden

Brannsjefen seier dei gjer dette som eit føre var-prinsipp inntil regnet kjem. Branneiningane i Stord, Fitjar og Bømlo har stilt éin brannbil med mannskap på seks-sju personar disponibel til å setjast inn i kampen mot flammane ved Ågotnes på Sotra. Brannbilen er førebels ikkje sendt nordover.

– Det ser ut som dei har grei kontroll, men det er komme nokre vindmeldingar utover dagen som gjer at det kan blussa opp igjen. Me er framleis i beredskap til å bidra, seier brannsjefen.

BRANNFARE: Det er no gult nivå på Vestlandet sør for Stad. Foto: Meteorologisk institutt

Fredag morgon vart det først meldt at skogbrannen på Sotra var under kontroll, men etter kort tid melder brannvesenet at situasjonen ikkje er avklart.

– Det har blussa opp her og der eit par gonger, men det har brannmannskapa teke seg av. Det brenn ikkje nokon stader på morgonkvisten fredag, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til NTB tidleg fredag morgon.

Like etter klokka sju melder likevel brannvesenet at dei ikkje har full kontroll.

– Me melder ikkje kontroll no, sidan det er eit svært område som har brunne. Me gjer alt for å førebyggja at dette skal ta av igjen. Det er ekstremt tørt, og vind er ein faktor som spelar veldig mykje inn på sånne brannar som dette, seier innsatsleiar Pål Hansen i brannvesenet til Bergensavisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ønskjer tips

Dei første meldingane om brannen kom ved 12-tida torsdag, og store styrkar rykt ut. Rundt 150 brannmannskap frå ti brannstasjonar har delteke i sløkkjearbeidet saman med Sivilforsvaret.

– Naudetatane har vore til stades i området i natt. Politiet har hjelpt til med å sperra av område, sikra verdiar og handtera evakuerte. I løpet av morgontimane fredag blir det rullering av mannskap og det vil òg bli sett inn helikopter, seier Hausvik.

Politiet ønskjer tips frå publikum som kan bidra til å avdekkja brannårsaka.

Les også
Forbod mot å vatna i hagen

Det byrja først å brenna i den tørre lyngvegetasjonen ved Fjæreidepollen på Sotra. Deretter spreidde brannen seg i stor fart nordover, mellom anna til Dalaskjenet, der eit hus byrja å brenna, før den blussa opp i Kårtveitpollen nokon kilometer lenger nord.

I alt er to hus tekne av flammane.

Set inn fleire helikopter

I løpet av natta har 50 mann frå Sivilforsvaret vore på plass. Dei har hatt observasjonspostar for å sjå om det dukkar opp nye brannar. Fredag morgon er to helikopter sett inn i sløkkingsarbeidet på Ågotnes, skriv Bergens Tidende.

– Dei har fått områda sine dei jobbar på. Eitt er i området der brannen starta, sør for Ågotnes, og eitt opp mot Ågotnes, seier vaktkommandør Ole Jacob Hartvigsen i 110 Vest.

Seks nye helikopter vil vera klare til å bidra frå klokka 10.

Vel 500 personar frå fleire område i nærleiken er evakuerte.