Politiet etterlyste mogeleg fluktbil etter sjokkbrekk i Stavanger. Kort tid etter vart den funnen. Foto: Politiet

Etterlyst bil lokalisert etter tips frå publikum

Politiet gjekk ut med etterlysing av ein bil som kunne ha vore brukt i innbrot i Stavanger. No er den funnen.

Tidlegare i dag, onsdag, gjekk politiet ut og etterlyste ein stolen bil som kunne ha blitt brukt som fluktbil i samband med sjokkbrekket i Stavanger Foto 10. januar.

Kort tid etter at etterlysinga gjekk ut, fekk politiet tips om at bilen var å finna på ein parkeringsplass mellom Løkkeveien og Borgermester Middelthons gate i Stavanger.

– Bilen vil bli taua inn og undersøkt. Me takkar publikum for årvakenheit, seier Trond Atle Bjelland, seksjonsleiar for etterforsking og etterretning ved Stavanger politistasjon.

Les også
Arresterte mann etter promillekøyring