Camilla Abelsen (33) har gjennom seks episodar delt ope om babydraumen. I dag kan du høyra sjette og siste episode, der du lyttar til podkast. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Få med deg siste episode av «Camilla vil ha baby»

Ny podkastepisode er ute no.

Camilla Abelsen skal til gynekologen for å finna ut om ho må operera ut cysten på eggstokken. Kan ho byrja på neste prøverøyrsforsøk, eller må ho venta?

Den siste episoden av podkastserien «Camilla vil ha baby» er ein skikkeleg berg-og-dal-bane, det går opp og ned. Men korleis endar det?

– Det er alltid i bakhovudet at denne kjensla har du hatt før, så ikkje la deg lura, seier Camilla.

I siste episode får du høyra korleis det går med Camilla no. Er ho eitt steg nærmare babydraumen, eller blir den fjernare og fjernare?

Du finn alle seks episodane der du lyttar til podkast. Søk opp «Sunnhordland dokumentar».