Ein politipatrulje fann narkotika i ein bil dei stoppa utanfor Leirvik.
Ein politipatrulje fann narkotika i ein bil dei stoppa utanfor Leirvik. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Fann narkotika i bil med ungdommar

Fire ungdommar sat i bilen.

Natt til søndag stoppa politiet ein bil ved Leirvik sentrum. Om bord i bilen var det fire ungdommar.

– Det vart gjort beslag av hasj og andre narkotikum, og politiet har laga ei melding på forholdet, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Dei som sat i bilen er lokale ungdommar, og saka skal no følgjast opp av Stord lensmannskontor.

Les også: Stordabu mista lappen i Bømlafjordtunnelen