NCE Maritime CleanTech jobbar med å utvikla ein elektrisk passasjerbåt.
NCE Maritime CleanTech jobbar med å utvikla ein elektrisk passasjerbåt. Foto: Egil Blomsø

Får 110 millionar kroner

Rogaland fylkeskommune og NCE Maritime CleanTech får 110 millionar kroner til utvikling av ein elektrisk hurtigbåt. Det skriv samarbeidspartnarane i ei pressemelding.

Pengane kjem frå EU sitt forskingsprogram Horisont2020, og båten skal gå mellom Stavanger og Hommersåk. Initiativet til prosjektet kjem frå næringsklyngja NCE Maritime CleanTech. Rogaland fylkeskommune er partnar i klyngja, og vil, som eigar av hurtigbåtsambandet og bestillar av transporttenester, vera prosjektkoordinator.

Målet er at prosjektet skal resultera i ein ny heilelektrisk hurtigbåt med null utslepp. I tillegg skal nye modulære produksjonsmetodar bidra til 25 prosent lågare produksjonskostnader og 70 prosent lågare energikostnader, står det i pressemeldinga.

– Eg er stolt over at me får støtte frå EU. Det er ein viktig og stor anerkjenning av vårt samarbeid med industriklyngja og Kolumbus for å utvikla ein nullutslepps passasjerbåt. Det betyr at Rogaland, Vestlandet og Norge, med fylkeskommunen i spissen, kan bli verdsleiande for utvikling av denne type teknologi. Dette er eit stort bidrag for å redusera klimautslepp, eit satsingsområde, også for fylkeskommunen, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

Hege Økland i NCE Maritime CleanTech seier at dette er ein stor dag for klyngja.

– Prosjektet er revolusjonerande innan både nullutsleppsteknologi og produksjonsmetodar, og vil styrkja deltakarane sin konkurransedyktigheit både nasjonalt og internasjonalt. Det vil også bidra til å gjera elektriske hurtigbåtar konkurransedyktige både i eit kostnads- og miljøperspektiv, seier Økland.

anders@sunnhordland.no