FOR TOM SAL: Dei som deltek i revyen er rundt 60 personar. Men det er over talet på 50, og difor fekk dei ikkje spela for tom sal. Foto: PRIVAT

Får ikkje spela for tom sal

Russerevyen skulle gå for tom sal, men no er også det avlyst.

I dag, klokka 18.30, skulle årets russekull ha spelt gjennom revyen. Salen skulle vera tom, men opptaka skulle verta sendt på Sunnhordland.no.

Men torsdag ettermiddag kom det nye retningslinjer, og no er også dette avlyst.

– Me fekk beskjed frå rådhuset om at me var over 50 personar, og at me difor måtte avlysa, seier Madeleine Pedersen.

Ho synest det er dumt at dei stadig har fått nye reglar, men at dei har teke dette på alvor.

Les også
Russen ynskjer krafttak på nett etter at bøsseberinga vart droppa

Dagleg leiar i Mediehuset Sunnhordland, Reidar Hystad, tek avlysinga til etterretning. Mediehuset planla å senda revyen via nettsida, og på den måten skaffa annonsekroner til russen sin aksjon mot kreft.

– No vert ikkje dette noko av. Men me vil likevel gje 5.000 kroner til aksjonen, og oppmodar andre verksemder til å gjera det same, seier Hystad.

Stord VGS sin krafttak-konto, som er knytt til Kreftforeningen, har Vipps-nummer 451002.

BLAR OPP: Mediehuset Sunnhordland, med dagleg leiar Reidar Hystad (t.v) og redaktør Magne Kydland, gir russen 5.000 kroner til deira krafttak mot kreft. Foto: Marius Knutsen