STORM: Onsdag lyt du sikra lause gjenstandar. Foto: Meteorologisk institutt

Farevarsel onsdag: Ventar vindkast på opp mot 33 ms

Vinden kan komma opp i liten storm frå sør og sørvestleg retning.

Det er sendt ut farevarsel på kraftige vindkast i Rogaland og sør i Vestland fylke. Lokalt kan det bli vindkast på 27 til 33 m/s. «Fest lause gjenstandar», melder Meteorologisk institutt.

Det gule farevarselet gjeld spesielt ytre strøk.

«Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar (175.no)», står det i farevarselet.

Der blir me også minna om at bruer kan bli stengde. Vinden er venta aukande frå 11.00, og vil løya klokka 20.00.

I same periode er det også venta mykje nedbør, lokalt 50-80 mm i løpet av 12 timar.