Her lettar helikopteret over hustaket på Stordhuset, etter å ha plukka opp ein person som skal ha fått ein bil over seg.
Her lettar helikopteret over hustaket på Stordhuset, etter å ha plukka opp ein person som skal ha fått ein bil over seg. Foto: Kjetil Østrem

Fekk bil over seg - henta i luftambulanse

Tilstanden er ukjent for ein person som skal ha fått ein bil over seg på Stord måndag kveld.

Ein person blei måndag kveld henta med luftambulanse etter å ha fått ein bil over seg på Ås på Stord.

– Me fekk melding om ulukka klokka 17.34. Skadeomfanget er ikkje kjent. Me kjenner heller ikkje årsaka til ulukka, og ei undersøkingssak vil bli oppretta, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit ved Sørvest politidistrikt.

Politiet er svært sparsame med opplysningar rundt ulukka, og vil ikkje ut med verken kjønn eller alder på den forulukka. Dei har heller ikkje tvitra om hendinga.

– Straks me tvitrar om slike saker har me riksavisene på tråden. Og eg er usikker på kor stor allmenninteresse saka har, ettersom det skjedde inne på ein privat eigedom, seier Ragnhildstveit.