Laurdag føremiddag var slepet av batteriferja alt i gong.
Laurdag føremiddag var slepet av batteriferja alt i gong. Foto: Tipsar

Ferja vert slept vekk

Den brannråka ferja som ligg til kai ved Sydnes på Halsnøy, vert slept bort frå staden.

Ifølgje NRK Hordaland er det ingenting nytt med batteriferja «Ytterøyningen».

Fredag ettermiddaggjekk ekspertar frå brannvesenet i Bergen om bord for å ta gassmålingar, og det vart ikkje gjort funn av gass.

Temperaturen rundt batteria skal heller ikkje ha vore påfallande varmt, ifølgje 110-sentralen.

Norled melder at brannvesenet skal på inspeksjon klokka 10 laurdag.

– Om temperaturen er uendra, og det ikkje er noko gass der, skal ferja slepast til verkstaden til Westcon i Ølen, skrivNRK.

Hybridferja «Ytterøyningen» skal ifølgje NRK etter planen slepast til Westcon i Ølen, om resultatet av laurdagens inspeksjon er bra.
Hybridferja «Ytterøyningen» skal ifølgje NRK etter planen slepast til Westcon i Ølen, om resultatet av laurdagens inspeksjon er bra. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda

Klokka 11.17 melder NRK at ferja har fått klarsignal til sleping til verkstad. Kort tid etterpå var slepet starta. 

Ferjedramaet på Sydnes:

-Brannmannskap går om bord i batteriferja

 

-Fleire tusen liter Fjelberg-mjølk i fare

Artikkelen held fram under annonsen.

 

-Mor og son vakna av eksplosjonen

 

-MF «Sveio» går inn i reserverute etter ferjebrannen

 

-Meldingar om eksplosjonar og røyk i morgontimane

 

-Brann om bord på batteriferje