Ferjestrekning innstilt grunna sterk vind

Ferja mellom Bømlo og Sveio er innstilt inntil vidare.

Reiarlaget Fjord1 melder søndag at ferja som går mellom Langevåg på Bømlo og Buavåg i Sveio er innstilt inntil vidare. Sambandet vart innstilt allereie klokka 14 søndag.

«Rute 1011 Langevåg - Buavåg: Grunnet dårlig vær er sambandet innstilt ut dagen i dag. I hht værmeldingene, forventer vi normal trafikk fra i morgen tidlig», heiter det på sidene til reiarlaget.

Les også
Søndag kveld slår vinteren tilbake for fullt

Den same meldinga kjem frå Vegtrafikksentralen på Twitter. Førebels er det ikkje meldt om andre hendingar i området som følgje av vinden.