Direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet seier dei ventar ei ny smittebølgje i Noreg. Foto: Ali Zare / NTB / NPK

FHI: Noreg truleg på veg inn i ei ny smittebølgje

Koronasmitten har auka i Europa, og no aukar han også i Noreg. Ifølgje Folkehelseinstituttet kan ei ny smittebølgje med omikron vera i horisonten.

– Me har rekna med at det vil komma ei ny smittebølgje. Me har snakka om ei haustbølgje, men også sagt at ho kan komma tidlegare, altså allereie til sommaren, seier direktør Camilla Stoltenberg i FHI til TV 2.

Ifølgje FHI er det spesielt den nye og meir smittsame omikronvarianten BA. 5 som spreier seg.

Innleggingstala er no aukande, ifølgje den siste vekerapporten frå FHI.

– Det er på eit lågt nivå framleis, men auken er rask, og me må venta at det vil vera ein auke i talet på innleggingar og behov for intensivbehandling og etter kvart dødsfall i vekene som kjem, seier Stoltenberg.