SMITTE: Smitten aukar i stor skala på Stord. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Fire nye smittetilfelle på Stord

15 personar på Stord har fått positiv test dei siste to dagane.

Denne veka har talet på koronasmitta i Stord kommune auka kraftig. No er kommunen oppe i 77 positive prøvar sidan mars.

Les også
Møte i kriseleiinga om koronautbrotet på Stord: – Me er inne i ein meir alvorleg situasjon

Dette skriv kommunen om dei nye tilfella i kveld:

Mann 51 år meldt Covid+, lette symptom, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk.

Mann 50 år meldt Covid+, forventa nærkontakt, tilhøyrer Leirvik AS.

Mann 28 år meldt Covid+, lette symptom, samanheng med ungdomsgruppa.

Kvinne 25 år meldt Covid+, ikkje alvorleg sjuk, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk.

Les også
Kommunelegen: – Smitteauken er som forventa

Tidlegare i dag vart desse positive tilfella kjent:

Mann 21 år meldt Covid19 pos etter, lette symptom, tilhøyrer ungdomsgruppa.

Mann 20 år meldt covid-19 pos, lette symptom, tilhøyrer ungdomsgruppa. Sporing går føre seg på desse.

Mann 54 år meldt Covid+ forventa som nærkontakt, tilhøyrer Leirvik AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Tre nye koronasmitta på Stord – totalt 11 tilfelle siste døgnet