Det kan bli stor pågang på koronasentralen på Heiane dei neste dagane. Foto: Ingvild Siglen Berger

Fire nye smittetilfelle på Stord

Det er meldt fire nye tilfelle av covid-19 blant stordabuen. Dei har lette symptom og har ulike kjelder for smitte, opplyser kommunen.

– Dette vil kunna gje trong for kontakt med opp mot 250 personar som nærkontaktar, dei nærmaste dagane. Sporingsarbeidet er godt i gang. Alle aktuelle nærkontaktar vil få melding om karantene og avtale om ev. test, opplyser Stord kommune.

– Dei som trur dei kan ha vore nærkontakt bør, inntil det er avklara, avgrensa sosial aktivitet og særleg halda avstandsråda, sjølv om dei ikkje har symptom.

Ein av dei smitta skal vera ein 21 år gammal mann, som testa seg tysdag. 13 nærkontaktar er varsla om karantene og blir testa ved symptomutvikling.

Det er no 45 personar som har blitt koronasmitta på Stord sidan mars. Per onsdag har det blitt utført 3.435 testar.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at det var åtte nye smittetilfelle. Tala var henta frå tabellen til Stord kommune. Denne har vore feil, ifølgje kommunelege Lars Helge Sørheim. Tabellen er no oppdatert på kommunen sine nettsider.

Les også
Dørvakt på Sjøhuset har fått påvist smitte