UTSETT: Alle politiske møte i Fitjar er sett på vent, men det kan vera formannskapet må behandla ei sak i fjernmøte. Arkivfoto: Kjetil Østrem

Fitjar: Kan gjera politiske vedtak over telefon

Det er hektiske dagar for kriseleiinga i dei fleste kommunar, inkludert Fitjar.

I eit brev til alle kommunestyrerepresentantar i Fitjar, skriv ordførar Harald Rydland (KrF) at dei set i verk det eine tiltaket etter det andre etter som behova melder seg.

– Me prøver så godt me kan å senda ut informasjon så snart me har noko å melda. Dei neste dagane planlegg me å ha møte med heile kriseleiinga kl. 14.00 kvar dag, der me sender ut oppdatert informasjon rett etter kvart møte, skriv han.

Før helga vart det bestemt at alle politiske møte vert utsett inntil vidare.

– Denne veka skulle me ha møte i Utval for plan- og miljø på tysdag, og i Formannskapet onsdag. Desse møta vert utsett. Så langt utvalsleiaren, eg og rådmannen kan sjå, er det ikkje saker i plan- og miljø som treng hastebehandling, skriv Rydland.

Les også
Ber rådmannen greia ut politiske fjernmøte

Av sakene i formannskapet er det ei sak som får økonomiske konsekvensar dersom ein ikkje får behandla den raskt.

– Den satsar me på å få avgjort i telefonmøte. Me sender eigen informasjon om korleis dette skal gjennomførast til formannskapsmedlemene, opplyser ordføraren.

Det er saka om kjøp av to omsorgsbustadar i Havn Burettslag som truleg skal avgjerast på telefonmøte. Fredag fastsette Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei mellombels forskrift som skal letta gjennomføringa av fjernmøte i kommunar og fylkeskommunar. Forskrifta opnar for at folkevalde organ kan halda sine møte som fjernmøte, sjølv om kommunestyret ikkje har gitt dei høve til det etter § 11-7 første ledd.

Les også
Full brems i Fitjar

I Fitjar vert det sjekka opp i kva som er mogeleg å få til lokalt for å gjera møta tilgjengeleg for media.

– No håpar me at alle tiltaka som er sett i verk er med og avgrensar smittespreiinga, slik at me får bukt med pandemien snarast råd. Det ser ut for at innbyggjarane i Fitjar tek dette på alvor og vert med i dugnaden som skal til for å spara liv og avgrensa konsekvensane for viktige samfunnsfunksjonar, skriv ordføraren, og oppfordrar representantane til å ta kontakt ved spørsmål eller kommentarar.

– Lev vel, så er me snart i full gang med det politiske arbeidet igjen, avsluttar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Startar opp med fjernundervisning - og stengjer sjukeheimen