Søndag gjekk årets tv-aksjonen av stabelen, og bøsseberar Tom Rydland (t.h.) var i aksjon i Kråko i Fitjar. Her med familien Helgesen.
Søndag gjekk årets tv-aksjonen av stabelen, og bøsseberar Tom Rydland (t.h.) var i aksjon i Kråko i Fitjar. Her med familien Helgesen. Foto: GEIR ROMMETVEIT

Fitjar på gjevartoppen

Av kommunane i Sunnhordland var det Fitjar-innbyggjarane som i snitt gav mest til årets tv-aksjon.

Snittet per innbyggjar i Fitjar var på 79,21 kroner, godt over landssnittet på 41,34 kroner. Dermed vart Fitjar kommune nummer fem på lista over kommunane i Hordaland som gav mest basert på innbyggjartal.

Øvrebygda skule tronar på topplista over bidrag frå Fitjar, då skulen gav 29.015 kroner til aksjonen. Deretter følgjer Engesund Fiskeoppdrett AS med 12.000 kroner, Selevik skule med eit bidrag på 8.942 kroner, Fitjar kommune med 7.000 kroner og Lerøy Sjøtroll Kjærelva AS med 5.000.

Gav mykje

Bømlo vart nummer åtte på lista, med eit gjennomsnitt på 72,78 kroner per innbyggjar. Snittet i Stord var ein del lågare, med 45,7 kroner per innbyggjar. Kommunen vart nummer 24 av kommunane i Hordaland basert på innbyggjartal.

Når ein ser på totalsum vart Bømlo den kommunen i Hordaland som gav fjerde mest, med 870.396 kroner til aksjonen, og Stord vart nummer fem på lista med 854.587 kroner.

I Hordaland fylke vart det samla inn totalt 21.469.625 kroner, som gav fylket ei rangering nasjonalt som nummer ni av 18 fylke. Bidraget per innbyggjar i Hordaland var på 40,93 kroner, litt under landssnittet.

Takknemleg

Klokka 23.40 søndag kveld var det klart at det hadde vorte samla inn 220 millionar kroner over heile landet, ifølgje tv-aksjonen.

– I dag har heile Norge opna både hjarte og lommebøker. Eg er så takknemleg og rørt, seier Gry Larsen, generalsekretær i Care.

I alt 100.000 bøsseberarar over heile landet har samla inn pengar gjennom dagen. Blant dei 5,3 millionar innbyggjarane Norge, var bebuarane på Svalbard heilt i særstilling blant dei som gav mest med eit gjennomsnitt på 420 kroner kvar. På andreplass kom Utsira i Rogaland med 337 kroner, viser tv-aksjonen sin eigen oversikt. I tillegg kjem det inn bidrag og gåver frå kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Lærer opp kvinner

Pengane frå årets aksjon går til kvinnerettar i ni land: Niger, Mali, Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina. Årets slagord er «Nå er det hennes tur». Pengane som blir samla inn, skal gje 400.000 kvinner opplæring i å starta eiga bedrift, spara og låna pengar for å få eiga inntekt. Kvinnene skal òg få opplæring i retten til å bestemma over eigen kropp.

– Resultatet av tv-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ein av dei kvinnene som no får mogelegheit til å tena sine eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få stemma si høyrt, seier Larsen.

Den største dugnaden i verda

Trioen Robert Stoltenberg, Ingrid Gjessing Linhave og Mikkel Niva leidde sendinga for årets tv-aksjon på NRK søndag kveld. Dronning Sonja er den høge vernaren om tv-aksjonen og gjesta sendinga frå Oslo rådhus. I starten av oktober besøkte dronninga òg frivillige på Tøyen som mobiliserte fram mot aksjonen.

Tv-aksjonen har vorte arrangert av NRK ein søndag i oktober kvart år sidan 1974. Aksjonen er den største i verda målt i innsamla kroner per hovud og talet på frivillige. Fjorårets aksjon, som gjekk til Kirkens Bymisjon, fekk inn totalt 257 millionar kroner.