Det bles godt på Vestlandet i dag. Vêret gjer at fleire fjellovergangar i Sør-Norge er stengde. Illustrasjonsfoto: Hilde Vormedal Nybø Foto: Hilde Vormedal Nybø

Fleire fjellovergangar i Sør-Norge stengde på grunn av uvêr

Kraftig vind og nedbør over Sør-Norge medfører at ei rekke fjellovergangar er stengde, mellom anna riksveg 7 over Hardangervidda.

Også E134 over Haukelifjell er stengd på grunn av uvêret måndag.

Det er venta kraftige vindkast i området. Vinden er venta å auka frå måndag ettermiddag av, og meteorologane har sendt ut gult farevarsel. Strekninga blir sannsynlegvis ikkje opna att i dag, ifølgje Vegvesenet.

Også riksveg 13 over Vikafjellet stengt, og det vil bli gjort ei ny vurdering klokka 10.

Fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet og fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er òg stengde. Sistnemnde strekning blir verande stengd ut måndag.

(©NPK)