ORM: Hoggorm observert i Landåsen 22. februar. Foto: Birthe Isaksen

Fleire har treft på orm

Måndag sende Birthe Isaksen inn bilete av ein hoggorm som ho trefte på i Landåsen.

Også Magne L. Heggøy har nyleg møtt hoggorm. Det var i Stuamarkjo på søndag.

Ormen blei sett i skogen i nærleiken av Stuastølen barnehage sin lavvo, og var ca. 60 centimeter lang.

PÅ TUR: Magne L. Heggøy trefte på denne ormen i Stuamarko søndag. Foto: Magne L. Heggøy