Det var travelt for politiet natt til sundag.
Det var travelt for politiet natt til sundag. Foto: Marius Knutsen/Arkiv

Fleire rusa mindreårige

Natt til 1. pinsedag var det fleire berusa mindreårige på Rubbestadneset skule.

Klokka eitt natt til søndag fekk politiet melding om fest på Rubbestadneset skule.

– Politiet kom der klokka 01.20 og det var ein del mindreårige berusa der. Patruljen stansa festen, fortel vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon.

Det var ingen ansvarlege vakter der og politiet kjørte ei overstadig berusa jente heim. Fleire andre ungdomar vart henta av sine foreldre. 

Les også: Travel natt for politiet