Fire førarar fekk forenkla forelegg.
Fire førarar fekk forenkla forelegg. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

Fleire sjåførar tekne for mobilbruk

Politiet såg etter bruk av belte og handhalden mobiltelefon.

I løpet av ein halvannan time lang trafikkontroll blei fire førarar bøtelagde for bruk av mobil medan dei køyrde.

Politiet på Stord har hatt ei rekkje slike kontrollar den siste tida. 8.635 bilistar i landet fekk førelegg for mobilbruk i første halvår, mot 8.089 i første halvår i fjor.

– Altfor mange bruker mobilen i bilen og det er ein uting. Det er mykje farlegare enn mange trur, seier Nils Sødal i NAF.

Les også:Menn er verstingane når det kjem til mobilbruk i bil