Politiet hadde fleire mindre hendingar i rapporten sin frå laurdagskvelden.
Politiet hadde fleire mindre hendingar i rapporten sin frå laurdagskvelden. Foto: Egil Blomsø

Fleire teken for urinering på offentleg stad i Fitjar

To menn vart tekne av politiet for urinering på offentleg stad same kvelden som Vassendgutane hadde konsert

Klokka 23.30 vart ein mann i 50-åra observert av politiet medan han urinerte der han ikkje skulle ha gjort det. Likeeins var det ein mann i 20-åra som klokka 01.30 vart teken for vasslating i bygda der Vassendgutane samla svært mange til konsert.

Bortviste

I Leirvik sentrum vart ein sterkt rusa mann i 20-åra køyrt heim sidan han brukte heile vegen. I Leirvik vart også tre andre viste bort frå sentrum.

Ein mann i 20-åra var overstadig rusa, to menn var i slagsmål og vart viste bort – medan ein mann i slutten av 20-åra var full og kranglete og fekk difor ikkje bli verande i Leirvik sentrum.

Les også: Blåste raudt – fekk køyra vidare