VERKA IKKJE: Silje Waage har gått gjennom tre cellegiftbehandlingar på Haukeland, men kreften let seg ikkje stoppa så lett. No kan private midlar gjera at ho får behandling i utlandet. Foto: Privat

Fleire tusen har stilt opp for å hjelpa Silje (30) i kampen mot kreft

Håpet er at behandling i utlandet kan redda tobarnsmora frå Stord.

I løpet av nokre få dagar i påsken har Spleis-aksjonen, som er starta av Silje Waage sine tre søstrer Trine, Renate og Helene, samla inn over 1,5 millionar kroner.

Over 6.000 personar har gjeve pengar, og i helga vart det også oppretta ein auksjon på Facebook der både verksemder og privatpersonar har gjeve både gjenstandar, produkt og tenester til inntekt for saka.

– Det er heilt fantastisk, og eg vert mållaus over at det er så mange fine folk der ute, seier Silje Waage til Sunnhordland.

Mellom anna har svoger Mikal Vaka lodda ut sin PS5 spelkonsoll, ein spelkonsoll som det har vore enorm rift om etter lanseringa før jul i fjor.

YNWA: Silje Waage, Espen Vaka, og dei to barna Max og Milla, har fått med seg mange tusen i kreftkampen. Her er alle i draktane til favorittlaget Liverpool. Foto: Privat

Mislukka behandling på Haukeland

I tillegg til Spleisen, reknar Waage med at det har komme inn over 100.000 kroner direkte til henne via Vipps frå auksjonen. Dermed er det totalt samla inn over 1,6 millionar kroner per tysdag formiddag.

– Eg vil også retta ein stor takk til mine klubbvenninner som verkeleg har stått på for å hjelpa, seier ho.

Tidlegare i vinter skreiv Sunnhordland om tobarnsmora frå Stord som fekk smerter i ein fot. Det viste seg etter kvart å vera kreft, og no har ho nyleg lagt bak seg tre behandlingar med cellegift på Haukeland.

Her kan du lesa heile reportasjen om Silje

Vil ikkje sitja stille

Men behandlinga har ikkje verka, kreften er aggressiv og spreier seg fort. No er håpet til familien at behandling på sjukehus i utlandet kan vera med og stansa sjukdommen. Denne behandlinga kostar over to millionar kroner, som må dekkjast av eigen lomme.

Les også
Elin (38) frå Stord blei kreftfri og livet såg lyst ut. Så kom meldinga om tilbakefall

Silje er sambuar med Espen Vaka, og saman har dei borna Max (7) og Mille (4).

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ho er ei fantastisk mamma for sine to små, og tanken på at hu kanskje ikkje skal få sjå dei voksa opp er heilt ubeskrivelg vond. Me kan ikkje sitta stille og venta på at det skal ordne seg sjølv. Livet til Silje er her og no, og me har ingen tid å mista!», skriv søstrene på spleisen.

Kan reisa denne veka

Waage fortel til Sunnhordland at dei allereie har vore i kontakt med Medias Klinikum i Burghausen i Tyskland om behandling. Men dei vurderer også behandling i Finland.

– Eg har ikkje så mange alternativ for å verta frisk. Så eg må berre reisa om eg finn eit sjukehus eg stolar på, forklarar ho.

Etter planen kan Silje og sambuaren setja seg på flyet allereie denne veka, medan ungane vert igjen heime med resten av familien.

Les også
Kjersti (45) fekk påvist kreft dagen etter at Norge stengde ned: – Som å få ei ståldør rett i ansiktet

– Trist med prislapp

Waage avslutta nyleg sine cellegiftkurar på Haukeland, og dei skal ikkje hatt så mange alternativ å komma med for å kjempa mot kreften.

– Eg vart fortalt at dei hadde ein cellegift-kur som dei kunne prøva. Men dei ante ikkje om han verka. Det var også ein studie som skulle starta opp no snart, men det ville ikkje vera tid nok for meg å vera med, seier ho.

– Kva tenkjer du om at du må til utlandet for behandling, og der du må betala sjølv?

– Det er veldig trist at det skal vera slik, og at det er sett ein prislapp om ein får leva eller ikkje, seier ho.

LÅGARE ENERGI: Silje med sonen Max (7), som går går på Langeland skule. 30-åringen fortel at energinivået er litt lågare med kreft, men at ho eigentleg kjenner seg ganske frisk. Foto: Helene Waage

30-åringen merkar framleis ikkje så veldig til kreftsjukdommen, trass i dei dårlege prognosane. Men ho vert dårleg av cellegiftkurane og energinivået er lågare.

– Eigentleg merkar eg ikkje så mykje til kreftsjukdommen, anna enn smerter i ein fot. Det gjer det lettare å halda seg oppe, forklarar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebudd på lang tid

Waage har vore i kontakt med to kreftsjuke som har vore i Tyskland. Ein er der nede no, medan ein annan er ferdig.

– Han som var ferdig med behandling, er heilt frisk i dag, seier ho.

Då denne Spleisen vart oppretta sette dei perioden til 45 dagar. Dei har tidlegare hatt ein spleis der dei samla inn 200.000 kroner.

– Difor trudde me det skulle ta litt tid. Men at det kom inn så mykje, så fort, er heilt utruleg, seier ho.

FAMILIEN SAMLA: Silje Waage (30) og sambuaren Espen Vaka, saman med barna Max og Mille. Ho fortel til Sunnhordland at ho eigentleg ikkje merkar så mykje til kreften. Foto: Helene Waage