Foto: Henrik Mundal Andreassen

Fleire utanlandske arbeidarar bøtelagt etter pub-tur

Får bot for brot på karantene.

Førre veke blei det kjent at tre utanlandske arbeidarar hadde brote karantenebestemmelsane på Stord, og drege på pub. Dei tre har vedteke kvar si bot på 20.000 kroner.

I ei pressemelding torsdag skriv Sørvest politidistrikt at dei i slutten av førre veke blei gjort kjent med at ytterlegare tre britiske arbeidarar kan ha brote plikta om å opphalda seg på karanteneriggen på Stord i ti dagar frå dei kom til Norge. Etterforskinga viser at dei var ein del av det same følgjet med britar som fekk bot i førre veke, og at det er grunnlag for å bøteleggja også desse arbeidarane.

– I likskap med dei tre mennene som fekk bot for brot på karantenebestemmelsane har desse besøkt lokale pubar på Stord, for så å ta drosje tilbake til riggen etterpå. Alle har fått eit førelegg på 20.000 kroner, som dei har vedteke. Utlendingsmynde vil vurdera bortvising eller utvising, opplyser påtaleansvarleg Sidsel Tunestveit.

Les også
Kværner: – Har nulltoleranse mot brot på reglar

To av britane som no har fått førelegg er i 40-åra, medan ein er i 50-åra.

Politiet opplyser at dei no har auka fokus på å straffeforfølgja brot på smittevernlova. Sist veke blei også ein litauisk statsborgar arrestert i Sandnes, etter mistanke om at han stod bak fleire tjuveri i distriktet.

Mannen, som er i 20-åra, forklarte til politiet at han hadde køyrd frå Sverige tre dagar tidlegare. I tillegg til å gjera tjuveri hadde han også brote karantenebestemmelsane.

– Dette brotet førte til et førelegg på 20.000 kroner. Mannen har vedteke førelegget og er utvist frå Norge, seier påtaleansvarleg Anne Mette Dale.

Les også
Politiet: – Bøtelagde arbeidarar på Stord var på pub