KARANTENE: 120 personar knytt til revyen skal testast og sit i karantene i Fitjar. Foto: Henrik Mundal Andreassen/Arkiv

Førebels ikkje nye tiltak i Fitjar etter utbrotet

Det kjem fram i ei pressemelding frå Fitjar kommune seint tysdag kveld.

– Tidlegare i dag kunne me melda om eit nytt smittetilfelle i Fitjar. Med den kunnskapen me hadde då var det ikkje noko som tyda på at smitten hadde spreidd seg vidare. I kveld har me fått ny informasjon som viser at smittesituasjonen er meir omfattande, skriv ordførar Harald Rydland i pressemeldinga.

Her kjem det fram at sentrale deler av kriseleiinga i kommunen har hatt møte for å drøfta status og eventuelle tiltak.

Les også
Nytt smittetilfelle i Fitjar- har fått påvist delta-virus

Truleg ikkje delta-virus

– Det er no oppdaga tre nye smittetilfelle, i tillegg til det eine me informerte om tidlegare i dag. Smittekjelda for alle tilfella ser ut til å vera eit privat arrangement utanom bygda. Det er ikkje noko som tyder på at smitten kjem frå muterte virus som Delta eller liknande, skriv Rydland.

– To av dei smitta oppheld seg for tida i Fitjar, medan dei to andre var reist frå bygda då smitten vart avdekkja. To av dei smitta var på Fitjarrevyen laurdag kveld, og dei som er smitta har og delteke på eit privat arrangement i Fitjar medan dei hadde smitten i seg. Det er registrert om lag 20 direkte nærkontaktar som følgje av dette. På revyen var det om lag 200 deltakarar, men eit fåtal av desse vert rekna som nærkontaktar. Likevel har smittevernlegen bede om at alle som var på revyen laurdag kveld testar seg. Dette gjeld likevel ikkje dei som er fullvaksinerte eller har fått første vaksinedose for minst tre veker sidan. Etter smittevernlegen si vurdering vil det då vera om lag 120 deltakarar på revyen som skal testast. Dei som vert testa skal og i karantene fram til svaret på testen ligg føre, står det i pressemeldinga.

50 har testa seg

Kommunen skriv at Fitjar Fjordhotel har levert svært grundig dokumentasjon over kven som var på revyen.

– Dei som har vore på revyen eller trur dei kan vera nærkontaktar, men likevel ikkje er blitt kalla inn til testing, bør snarast råd melda seg til koroansentralen for å få testa seg, skriv Rydland.

Les også
Endå ein delta-smitta i Fitjar

I meldinga kjem det fram at om lag 50 personar blei testa tysdag kveld, medan resten blir testa onsdag.

– Dei første prøvesvara er venta onsdag ettermiddag, medan ein håpar å ha svar på resten av testane i løpet av torsdag, står det i meldinga.

Ikkje nye tiltak

Fitjar vil førebels ikkje setja i verk nye lokale smitteverntiltak etter utbrotet.

– Når resultatet av testane er klart vil det bli vurdert om det må setjast inn tiltak som gjeld hotellet, revyen og ev. andre arrangement som er planlagt til helga, skriv Rydland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han oppmodar folk i Fitjar til no å vera særleg vakne for symptom, og følgja grunnleggjande smittevernråd dei næraste dagane.

Kriseleiinga tek sikte på å komma med oppdatert informasjon torsdag kveld.