Heller Sp til venstre- eller høgresida? Frå v. er Jakob Bjelland (Sp), Gaute S. Epland (Ap), Sigbjørn Framnes (Frp) og Øystein Kyvik (H) på valkvelden.
Heller Sp til venstre- eller høgresida? Frå v. er Jakob Bjelland (Sp), Gaute S. Epland (Ap), Sigbjørn Framnes (Frp) og Øystein Kyvik (H) på valkvelden. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Forhandlingane held fram

Det vert forhandla både i Fitjar, Bømlo og Stord onsdag kveld.

Klokka 17.00 starta kveldens forhandlingar mellom Ap, KrF, Sp, SV og MDG på Bømlo.

– Eg har ikkje så mykje nytt å melda. No set med oss ned saman, og det vert ein spanande kveld, seier Torunn Laurhammer (Ap) til Sunnhordland.

Ho kan verta den nye ordføraren på Bømlo, trass i at Høgre gjorde eit betre val enn Arbeidarpartiet.

– Det er vanskeleg å seia kor lang tid forhandlingane vil ta, men me har som mål å koma vidare i kveld, seier Laurhammer.

På Fitjar er detKrF, Sp og Frp som forhandlar. Leiar i forhandlingsutvalet til KrF, Bård Inge Sørfonn, seier at det framleis er litt som står att. Det er i første omgang posisjonar ein har snakka om i Fitjar, før ein deretter har hatt interne rundar i partia.

– Eg veit ikkje sikkert, men truleg kjem det ingenting frå oss i kveld, seier han.

På Stord har Senterpartietdrive sonderingar både til høgre- og venstresida. Ordførarkandidat Jakob Bjelland har tidlegare peika på at Sp tradisjon tru vil forhandla saman med KrF. 

– Vert nok ikkje noko endeleg konklusjon i kveld, skriv Bjelland i ein SMS til Sunnhordland onsdag kveld. 

Sigbjørn Framnes i Frp stadfestar at det ikkje er avtala noko forhandlingsmøte mellom partia på høgresida i kveld.

– Me sit og jobbar med noko, men må koma tilbake til det. No jobbar me kvar for oss, seier Framnes.

Få med deg alt om valet her!