Første koronapasient på nesten to månader innlagd på Stord

To innlagde i Helse Fonna.

Onsdag er to koronasjuke pasientar innlagde på sjukehus i Helse Fonna, éin ved Stord sjukehus og éin i Haugesund.

– Ingen av dei har behov for intensivbehandling, melder kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland, til Sunnhordland.

Lenge sidan sist

Han opplyser at talet på pasientar innlagde med korona i helseføretaket har variert mellom 0 og 1 dei siste vekene, og at dersom nokon har vore innlagd har det vore i Haugesund.

Det er med andre ord ei stund sidan sist Stord hadde ein koronapasient.

– Den førre pasienten som låg på Stord sjukehus med covid-19 vart utskriven 1. september, opplyser kommunikasjonssjefen.

Roleg situasjon

Måndag skreiv Sunnhordland at det hadde vore roleg på koronasenteret etter helga.

– Mellom 55 og 60 personar er testa og me har ikkje fått melding om covid-19-positive, sa kommunelege Lars Helge Sørheim då.

Onsdag fortel han at det framleis er roleg på Stord.

– Me har hatt to som har testa positivt sidan då. Elles er situasjonen framleis den same.

Les også
Slik er smittestatusen lokalt no

Skal ha pressekonferanse

Torsdag klokka 13.00 har Helse- og omsorgsdepartementet kalla inn til pressekonferanse om koronasituasjonen i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der deltek helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, assisterande helsedirektør Espen Nakstad og direktør i FHI, Camilla Stoltenberg.

Nakstad seier til VG i forkant av pressekonferansen at det kan bli aktuelt med lokale tiltak der smitten aukar, og at folk må vera innstilte på å følgja forsterka smittevernråd.

– Smittetala har auka dei to siste vekene, men me er veldig usikre på kor korrekte tala er, fordi mange testar seg heime. Men det er ein god del smitte utover i landet no, seier han til avisa, samstundes som han gjer det klart at det vil vera lite sannsynleg med ei ny nedstenging.

Les også
Korona påverka søvnen vår – og vil halda fram med å gjera det

Helse- og omsorgsministeren seier i ei pressemelding onsdag at viss det kjem ein stor auke i smittespreiinga lokalt eller nasjonalt som gjev høg belasting på helsetenestene, må kommunane vera førebudde på å avgrensa smittespreiinga gjennom lokale tiltak.

– Det kan også bli aktuelt å innføra nasjonale tiltak, seier Kjerkol.