Pål Kårbø då han var fungerande fylkeskordførar. Her saman med Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland. OLE ALEXANDER SAUE (ARKIV)
Pål Kårbø då han var fungerande fylkeskordførar. Her saman med Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland. OLE ALEXANDER SAUE (ARKIV)

Frå KrF til Høgre

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø seier at han har fått nok av KrFs «ørkenvandring i samarbeidsspørsmålet»

Dermed forlèt Kårbø partiet og meldar overgang til Høgre, skriv Bergens Tidende.

Kårbø seier at han har brukt sommaren til å måle hus og tenkja.

Spørsmålet han grubla på var om han etter 20 år i fylkestinget var motivert til å fortsetja i partiet.

– Eg kjennar at KrF sin nasjonale ørkenvandring i samarbeidsspørsmålet, og det at ein heile tida ikkje kan bestemma seg, tar på. Eg meiner ein burde teke det rommet og sikra landet ei fleirtalsregjering. Eg ser at dei ikkje klarar å ta ein konklusjon, og då må eg fokusera på min eigen nominasjon, seier Kårbø til BT.

Han ynskjer å fortsetja i fylkespolitikken, men i nytt parti.